Hytta ligg på toppen av frukthagen. Her kan du nyte utsikten over fjord og fjell.

I Påldtun hyttene har du alt du treng til ein komfortabel ferie

Hyttene har golvvarme, dobbeltseng, toalett, dusj og kjøkkenkrok. Du bur nær fjorden og har tilgong på brygge og sup brett. Vi har også utleige av båt og sykkel. Når du bur i frukthagen vår, kan du forsyne deg av so mykje frukt og bær som du ynskjer å ete. Velkommen til Påldtun.

Book di neste overnatting

Her bur du midt i fruktha

gen på garden Påldtun – ei av to hytter idyllisk plassert mellom fjord og fjell.

Nyt rolege dagar med flott utsikt og nærleik til naturen.

Det er kort veg til brygga, der du kan leige båt og sauna – eller starte dagen med eit friskt morgonbad i fjorden.

Her får du ei ekte bygdeoppleving med beitande dyr, traktorar og sesongarbeid som skjer rundt deg. I fruktsesongen kan du plukke og smake fersk frukt rett frå hagen vår.

Hyttene ligg berre ein kort køyretur frå Sandane sentrum, så du har både natur og nødvendige fasilitetar innan rekkevidde.

Vi tilbyr også guida fjellturar og fisketurar – berre ta kontakt for booking eller spørsmål.

Ein del av opplevinga til hytta er å spasere til toppen. Det er ikkje bilveg heilt opp. Men ein fin sti som du kan fylgje. Vi hjelper deg med bagasjen om du ynskjer det.

Hytta ligg landleg til på gardstunet, Påldtun. Men det er samtidig kort avstand til Sandane sentrum. Du får moglegeheit til å leige båt og sykkel.

Dersom du ynskjer å komme sjøvegen til Påldtun, kan du legge deg til på brygga vår. Her er det kort veg til hytta.

Bur du på hytta vår kan du benytte deg av sup brett som ligg ved brygga vår.

I gangavstand til hytta finn du gardsbutikken Gardsbrenneriet som ligg på nabogarden. Her får du kjøpe lokale produkt både frå Påldtun og andre lokale matleverandørar i Gloppen. Gardsbrenneriet har også vunne mange prisar for drikkevarene sine.

Ynskjer du å spasere deg ein kveldstur kan du gjerne ta turen til «Tinghaugen» på Hauge som du finn på Karnilstunet. Dette er også ein nabogard. Dette er vestlandets største menneskebygde tinghaug og blant de ti største haugene i Norden.

Frå Hytta vår er det kort veg til Trivselsskogen og Trivselsbadet på Sandane.

I Gloppen har vi turmoglegheiter for alle nivå. Vi kan nemne Haugsvarden Traudalen, Langedalen, Austrheimstøylen og Eggenipa. Frå Haugsvarden er det også ein fin plass for sti sykling.

I sandane sentrum finn du bl.anna koselege kafear, Nordfjord folkemuseum, og ei badestrand midt i sentrum .

Her kan du nyte utsikta og bare slappe av.

Alle som kjem på besøk får smake Påldtun produkt som vi lagar av frukt og bær på garden vår.

Det store vindauget er tvn din dei neste timane. Ei utsikt som du ikkje kan bli lei. Ta gjerne med deg lunjen og nyt dagen ved fjorden. Eller ein tur i saunaen “MaliBu”

Vi har også båt og sykkel for utleige. Sup brett er gratis for alle buande gjester.

Har vi anledning kan vi også ta deg med på fjelltur eller fisketur. Send oss gjerne ein forespørsel.

Praktisk informasjon.

Heilårshytte
Innsjekk kl 15.00 (eller etter avtale).
Utsjekk kl 12.00 (eller etter avtale).

1 rom, 1 etasje, bygd i 2022

Nordstrandsvegen 265
6823 Sandane

Telefon booking: +47 41206016 / +47 91816277
Kontakt e-post:
post@paaldtun.no
Kontaktperson: Veronica Hauge

Hytta har/er:
Dobbeltseng
Enkeltseng
Røykfritt
Fotturar
Vannkoker/Kaffimaskin
Balkong/terasse
Barnevenleg
Fjordutsikt
Nærme naturen
Nærme fjellområde
Landleg
Sentrum
Ved fjorden
Utandørs parkering

Har du spørsmål? Skriv eposten din under her og ditt spørsmål.