Book Sauna
Sauna in the Fjords
Velkommen til booking av Påldtun Sauna “MaliBu” – ei unik og avslappande saunaoppleving i vakre omgjevnader.
Saunaen har plass til inntil seks personar, men vi anbefaler fire til fem for best mogleg komfort.
Ved privat leige av sauna kostar det frå 600 kroner for 90 minutt. Då kjem du til ei ferdig oppvarma tønnesauna – klar til bruk!
Merk at det førebels ikkje er tilgang til toalett eller dusj. Det står likevel kanner med reint vatn utanfor saunaen. Vatnet kan brukast både til å lage ekstra damp i omnen, eller til å skylle seg etter bruk.
Det er ei lita garderobe der du kan skifte klede, og her er det òg fint å sitje litt etter saunaen og berre nyte stillheita.
Har du spørsmål om saunaopplevinga, booking eller noko anna – ta gjerne kontakt med oss.
Ta med:
Badetøy
Handkle til å sitte på
Drikkeflaske
Slippers (om du vil bade)
Vi har gåvekort
Kontakt oss på e-post gjennom kontaktskema under.